MAKS 50 PROSENT: Ferjebilletten for El- og hydrogenbilar, inkludert førar, skal frå 1. juli i år kosta maksimalt 50 prosent av den taksten ordinære køyretøy av tilsvarande storleik må betala. (Arkiv)

Nye billettreglar for elbilar på ferjer

Frå 1. juli i år skal sokalla nullutsleppskøyretøy betala maksimalt 50 prosent av takstane for vanlege køyretøy på ferjer.

Publisert 14.06.2018 kl. 09.28.

Nullutsleppskøyretøy er ei fellesnemning på el- og hydrogenkøyretøy, og det var under behandlinga av statsbudsjettet for 2017 at Stortinget bad regjeringa koma med tiltak som ville gjera det meir gunstig å velja el- eller hydrogenbilar.


Rabatt i tillegg

I stortingsvedtaket er også bompengar og parkering nemnt som område der køyretøy med nullutslepp skal sleppa med maksimalt 50 prosent av ordinær avgift. I tillegg til ferjetakstane.


Samferdsledepartementet har valt å avgrensa ordninga med 50 prosent til berre å gjelda ferjebillettar. I vedtaket frå departementet står det at i tillegg til halv pris, skal el- og hydrogenbilar ha føremon av ulike rabattordningar. På lik linje med køyretøy som går på fossilt drivstoff.


Dette betyr at billettprisen, inkludert førar, som dei med takstmynde kan fastsetja for nullutsleppsbilar, blir ein stad mellom null og 50 prosent av prisen for ordinære køyretøy.


Les meir om: Nyhende Samferdsle

Siste saker Gå til framsida