UT PÅ TUR: Selja forlag kjem med ny turbok. (Pressefoto)

Ny opptur på haustlista til Selja

Denne gongen vil dei ta folk med ut og opp i Indre Sunnfjord.

Publisert 13.09.2018 kl. 11.03.

Selja forlag har tidlegare hatt suksess med fleire turbøker i Opptur-serien, og i år har tidlegare Firda-journalist Stig Roger Eide skrive «Opptur indre Sunnfjord. 166 fotturar i Naustdal, Førde, Jølster og Gaular.» 


- Me har fått veldig mange spørsmål om me kan laga ei bok som viser alle dei fantastiske turane som finst i dette området, og i november kjem ho. Heile 128 av 166 turar er heilt nye. 38 var med i «Opptur Sogn og Fjordane», men dei har fått nye og oppdaterte tekstar og bilete, fortel forleggjar Torkjell Djupedal, som no har haustlista frå forlaget klar.


Bamsen Alfred

Kva kunne skje med ein gut som vaska golvet for mor si i ei tid der menn ikkje tok i ei vaskefille? Og kva skjedde då jølstringane reiste til Amerika, sunnmøringane begynte å laga møblar og det kom motor på fiskebåtane i Bremanger? Dette er noko av det ein kan finna i bøkene som kjem ut på Selja Forlag i haust.


I boka «Syng og leik i lag. 65 songleikar for store og små»  har Astri Sudmann samla kjende og kjære songleikar pluss nokre nye.


Kurt Rutledal kjem med si fjerde bok om bamsen Alfred, som likar å forska på ting. I «Alfred Bamse bæsjar» undersøkjer han kva som skjer med tisset og bæsjen vår etter at me har vore på do, og korleis kloakk kan gjenvinnast og brukast til fornuftige ting.


Vestlandet

Selja Forlag ønskjer å få fram lokale bøker frå Vestlandet, og har også i år bøker frå både Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal, heiter det i ei pressemelding.


Les meir om: Kultur Nyhende Litteratur

Siste saker Gå til framsida