FERDIG: Magnus F. Pedersen har spelt sin siste kamp for Sogndal.

Ny mann ut

Back reiser heim.

Publisert 17.01.2018 kl. 17.58. Oppdatert kl. 18.00.

Magnus F. Pedersen er ferdig i Sogndal. Dansken, som kom i januar 2016, fekk sju kampar i eliteserien og to cupkampar for Sogndal. I fjor var han på utlån til Elverum i 1. divisjon, der spelte han 13 kampar.

- No reiser eg heim til Odense, seier Magnus F. Pedersen til Sogndal Fotball si nettside. Heime i Danmark skal han halda seg i form gjennom trening med ein klubb i heimbyen, medan han jaktar ny klubb og nye utfordringar.

Sogndal ryddar i stallen, og i går vart det klart at Bjørn Inge Utvik skal spela frå Sarpsborg 08 dei neste tre åra. Dermed har ein back og ein midtstoppar gått ut av stadionportane i Sogndal på kort tid. 

 

Les meir om: Nyhende Sogndal Fotball