KLAR FOR SOGNDAL: Ulrik Flo og Sogndal er samde om ein kontrakt ut sesongen 2018. (Arkivfoto)

Ny kontrakt for Flo

Ulrik Flo er tilbake i Sogndal Fotball.

Publisert 05.03.2018 kl. 18.07.

Sogndal Fotball og Ulrik Flo er blitt samde om ein avtale. Kontrakten strekkjer seg ut sesongen 2018, melder Sogndal Fotball på sine nettsider måndag.


Flo, som vart fristilt frå Fredrikstad etter nedrykket i haust, har vore med Sogndal i sesongoppkøyringa.


- Ulrik er ein som vil bidra mykje i gruppa, både i kamp, på treningsfeltet og i garderoben. Me kjenner kvarandre veldig godt, han veit kva me står for og me får inn ein flotte gut med eit hjarte som bankar for Sogndal, seier sportsleg leiar Håvard Flo.


Ulrik Flo starta sogndalkarriera for elleve år sidan, og i 2015 gjekk han til Odd. Sidan har han spelt for danske Silkeborg, og for Fredrikstad.


 


Siste saker Gå til framsida