NY LØYSING: Måndag vart ny digital løysing for innsyn i fleire statlege verksemder og Oslo kommune lansert. (Skjermbilete frå einnsyn.no)

Ny elektronisk løysing for innsyn

Det nye eInnsyn vil gjera det langt enklare for alle å få innsyn i offentlege dokument.

Publisert 05.02.2018 kl. 19.57. Oppdatert kl. 20.06.

Frå og med måndag er offentleg journal for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane tilgjengeleg på eInnsyn. eInnsyn erstattar Offentleg Elektronisk Postjournal (OEP), opplyser Fylkesmannen i ei pressemelding.

Innhaldet i eInnsyn vert levert frå 121 verksemder og frå Oslo kommune. På sikt er det meninga at alle kommunar og statlege verksemder skal ta i bruk løysinga.

Også Difi melder om lanseringa av den nye innsynsløysinga måndag. Som tidlegare omtalt har Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi på Leikanger) og Oslo kommune samarbeidd om utvikling av eit nytt IT-system, som skal gje betre innsyn i sakspapir, postjournalar og korrespondanse.

Sidan den gamle løysinga OEP blei lansert i 2010, har talet innsynskrav auka kraftig. I 2017 blei 4,6 millionar journalpostar publisert, cirka. 300 000 innsynskrav blei fremma og det blei gjennomført 7,5 millionar søk i OEP. 


Digitalisering

Difi og Oslo kommune har på tvers av statleg og kommunal sektor utvikla innsynsløysinga for heile offentlig sektor.


- eInnsyn er ikkje berre ei teneste som svarar på mange ulike krav og behov. Den byggjer på ein it-arkitektur som er rigga for å digitalisera videre, og bidra til større grad av samhandling i offentlig sektor, seier direktør i Difi, Steffen Sutorius i ei pressemelding.


- For å auka farten på digitaliseringa i offentleg sektor må me i større grad tenka som eitt konsern, og digitalisera på tvers i offentleg sektor. No har me vist at me kan få til dette i praksis. Det har like stor verdi som innsynsløysinga i seg sjølv, seier Sutorius.


Siste saker Gå til framsida