VIL KOMA PÅ BESØK: Dei tilsette i nærings- og fiskeridepartementet vil møta folk som jobbar med havet. Her frå då fiskeriministeren opna havbruksparken i Finnøy i Rogaland i desember. (Foto: Martine Røiseland/NFD).

Ønskjer invitasjon frå bedrifter i fylket

Publisert 02.01.2018 kl. 15.13.

I år vil dei tilsette i Nærings- og fiskeridepartementet møta dei som jobbar med havet.


- Trappa opp satsinga

- Havet byr på store moglegheiter. I 2030 vil 40 millionar menneske globalt jobba i havnæringane, og havøkonomien vil dobla seg. I Noreg er me skikkeleg gode på sjømat, maritimt og olje. Difor er det viktig at me trapper opp satsinga på havet i tida framover, seier næringsministar Monica Mæland (H), som sjølv i løpet av våren skal leggja ut på ein eigen havturné.


Vil ha invitasjonar

I løpet av våren skal også tilsette i Nærings- og fiskeridepartementet reisa ut i hele landet for å møta spennande havbedrifter. Bedriftsbesøka vil finne stad mellom 9.-13. april 2018, og departementet ønsker invitasjonar frå bedrifter som vil ha besøk, heiter det i ei pressemelding.


- Me ønsker å møte dei som har gode idear, utviklar nye og spennande teknologiar og som trur på at havet er framtida for Norge, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp).


Av pressemeldinga går det fram at bedriftene som vil invitera til besøk, ikkje treng å vera lokaliserte ved kysten, men at dei må ha søkjelys på havnæringane i den daglege drifta. Det kan vera til dømes sjømatnæringa, maritim næring, reiselivsnæringa og olje- og gassnæringa.


Les meir om: Nyhende Næringsliv

Siste saker Gå til framsida