SAMARBEID: Dei store energiselskapa i fylket samarbeider om prosjektet. F.v: Ole Gaute Hovstad i SFE, Odd Kristian Hagen i Stryn Energi, Frode Valsvik, i Sognekraft og Tony Kiil i Sunnfjord Energi. (Foto: Jørgen Steffensen, SORIA)

No kjem dei nye straummålarane

I slutten av april får dei første straumkundane i Sogn og Fjordane ein ny straummålar med automatisk avlesing.

Publisert 20.04.2017 kl. 08.13.

Dei store energiselskapa i fylket samarbeider om dette prosjektet, som er den største moderniseringa av straumnettet på hundre år, går det fram av ei pressemelding.


- Me gler oss til å ta fatt på siste del av prosjektet, som er å få målarane ut til folket. Dette blir ein ny tid både for kundane og for oss, seier Frode Valsvik, prosjektleiar for AMS i Sognekraft.


Får brev

- Sognekraft startar i løpet av hausten i år med å byta straummålarane hjå sine kundar og først ut er dei som bur i Vik og Balestrand, forklarer Valsvik.


Han seier at kundane vil få informasjon i posten god tid i førekant, og at alle som har målaren inne i huset vil få eit forslag til tidspunkt for når monteringa skal skje, også dette per brev.


I Sogn og Fjordane er det Førde som er først ut, og dei første kundane der vil få ny målar alt i slutten av april. Det er Eltel Networks AS som skal stå for arbeidet med montering av dei til saman 52.000 straummålarane for dei fire samarbeidande selskapa, Sunnfjord Energi, Sognekraft, Stryn Energi og Sogn og Fjordane Energi. Eltel har prosjektkontor og lager i Førde medan prosjektet held på i Sogn og Fjordane.


Det er Sør-Koreanske NURI Telecom LtD (Nuri) som leverer dei automatiske straummålarane og tilhøyrande kommunikasjonsutstyr.


 


Alle må byta

Nye automatiske straummålarar er ei framtidsretta løysing  både for kunde, nettselskap og samfunn, meiner Valsvik.


- Når den nye målaren er på plass, slepp kundane å lesa av målaren, seier prosjektleiaren.


Han legg til at enkelte kundar alt har hatt automatisk avlesing ei stund, men også desse målarane skal bytast ut.


- Dei nye målarane inneheld heilt ny teknologi, har fleire fordelar som vil koma både kundar og nettselskap til gode.


Varslar straumbrot

Han forklarer vidare at den største vinsten, sett frå eit samfunnsperspektiv, er at ein med automatiske målarar gjer straumnettet klart for morgondagens straumkundar, og at ein står betre rusta i framtida.

- Med ny teknologi kjem nye vanar. Induksjonsomn og elbil er døme på moderne utstyr som har endra bruken av straum. Ein induksjonsomn varmar maten kjapt, men den krev mykje straum på kort tid. Når fleire og fleire etter kvar har slikt utstyr og skal bruka det på same tid på døgnet, kan det by på utfordringar for straumnettet. Med nye målarar vil me stå betre rusta i framtida.

Valsvik fortel vidare at nye målarar legg til rette for nye smarthus-løysingar som hjelper heimen med å spara straum og pengar, og at dette er på full fart inn i norske heimar.

- Desse målarane har uttak der ein kan kopla til ulike energisystem som til dømes kan registrera straumpris og styra elektriske apparat. På den måten kan du spara pengar på å bruka straum smartare.

Han legg til at nettselskapa, som monopolsbaserte aktørar, ikkje har høve til å tilby slike kommersielle produkt, men at det finst nok av selskap i marknaden som gjer det.

Den nye målaren gjer det mogleg for nettselskapet å oppdaga og lokalisera straumbrot i kvar bustad, slik at kundane raskare kan få att straumen ved straumbrot. I dag har nettselskapa god oversikt over tilstanden i høgspentnettet, fram til næraste nettstasjon, men straumbrot i lågspentnettet mellom nettstasjon og kunde tek lenger tid å identifisera. Med nye målarar har nettselskapet direkte kontakt med kvar målar og vil raskt oppdaga at straumen er vekke hjå kundane.


1. januar 2019

Dei fire selskapa er ein del av SORIA-alliansen som er det største samarbeidet om automatiske straummålarar i Noreg og omfattar 27 nettselskap over heile landet. Samarbeidet dreiar seg mellom anna om planlegging, kjøp av straummålarar og monteringstenester. Til saman skal selskapa i SORIA montera målarar hjå 700.000 straumkundane i Noreg.


Alle i heile Noreg skal få nye straummålarar, det har Noregs Vassdrag og Energidirektorat (NVE) bestemt, og til no har om lag seks prosent av norske heimar fått. NVE har gitt nettselskapa frist til 1. januar 2019 med å montera målarane, går det fram av pressemeldinga.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida