No har dei starta ryddinga av raset

Fredag ettermiddag starta arbeidet med å rydda riksveg 13 i Kvassdalen etter raset som har stengt Vikafjellsvegen.

Publisert 26.01.2018 kl. 14.36. Oppdatert kl. 15.25.

- Dei har byrja å rydda raset, men det tek i alle fall eit par dagar, seier Geir Ove Engebø, kontrollingeniør i Statens vegvesen.


Dårleg vêr

Han opplyser at framdriften i ryddearbeidet er avhenging av vêrtilhøva framover.


- Det er meldt dårleg vêr i helga. Det blir mykje vind, og på fjellet kan det koma opp mot ein meter nysnø.


Ikkje helikopter

Etter planen skulle vegvesenet nytta helikopter fredag for å sprengja ned eventuelle skavlar i området der det har rasa i Kvassdalen, og i Ygnesdalshamrane på Vikafjellet.


Det var det ikkje noko av.


- Me fekk ikkje opp helikopteret,  og no har det vorte dårleg vêr, seier Engebø, men opplyser at dei har grave snøprofil.


- Dei kan byrja å rydda i raset utan problem.


Vegvesenet har også vore oppe på fjellet med snøskuter.


- Snøen er stabil også der, slik han er i Kvassdalen, seier Engebø.


Dei er også i gang med rydding av snøen på Vikafjellet, men prioriterer ryddinga av raset i Kvassdalen.


- Dersom me får opp fjellet elles, får me ikkje sett på trafikk før raset er ryddda.


Les meir om: Nyhende Samferdsle Vik

Siste saker Gå til framsida