TILBOD TIL ALLE: Fagansvarleg for farleg avfall, Gaute Vatlestad, og den raude boksen som no vert tilbydd alle SIMAS-abonnentar.

No får alle abonnentar ein raud boks til farleg avfall

Etter ei prøveordning ønskjer SIMAS å utvida tilbodet til alle abonnentar.

Publisert 08.02.2018 kl. 19.00. Oppdatert kl. 19.04.

I fjor testa SIMAS ut ei løysing for oppsamling av farleg avfall i Leikanger kommune. Alle innbyggjarane i kommunen kunne henta ein raud boks på miljøstasjonen på Kvålen, heilt gratis.


- Me såg at abonnentane våre kunne verta flinkare å sortera farleg avfall. Det er lett å hiva eit batteri eller ei lyspære i restavfallet. Med ein slik oppsamlingsboks håpar me at folk vert meir medvitne, seier Gaute Vatlestad, fagansvarleg for farleg avfall hjå SIMAS, i ei pressemelding.


 


- Tryggare

No kan alle SIMAS-abonnentar henta seg ein boks på miljøstasjonen i si kommune, ta den med heim og fylla den opp med farleg avfall. Når boksen er full, kan abonnenten ta med boksen tilbake til miljøstasjonen og levera den til ein operatør som sorterer innhaldet. Der kan du òg få med sdeg ein ny boks heim.


- Me håpar det vert enklare for våre abonnentar å oppbevara farleg avfall, og med ein slik boks vert det òg tryggare med tanke på brannfare. Brennbare materialar vil ikkje koma i kontakt med batteri og anna farleg avfall. Dette er eit gratis tilbod me håpar folk set pris på, seier Vatlestad. Liste over kva avfall som ein kan kasta eller ikkje kasta i den raude boksen følgjer med ved utlevering. 


Siste saker Gå til framsida