OPE: Vegen over Vikafjellet var torsdag klar til opning. Her frå Hestavollen 892 moh. klokka 9.15. (Skjermbilete frå webkameraet til Statens vegvesen)

No er Vikafjellet ope

Etter over ei vekes stenging, er Vikafjellet no ope att.

Publisert 01.02.2018 kl. 09.07. Oppdatert kl. 09.08.

Riksveg 13 over Vikafjellet er venta opna klokka 10 torsdag, opplyste Statens vegvesen torsdag morgon. Klokka 9.45 vert det opplyst at vegen er opna.


Vegen har over stengd meir enn ei veke grunna ras, mykje nysnø og rasfare. Eit større ras i Kvassdalen på hordalandssida av fjellet vart rydda i helga, og denne veka har vegvesenet sprengt ned skavlar ved tunnelmunninga og i Ygnesdalshamrane, og brytemannskap har vore i sving for å få brøyta opp vegen. Tidlegare i veka vart det meldt om fire meter høge brøytekantar på fjellovergangen.


Onsdag vart det opplyst at vegen truleg ikkje kunne opnast før fredag, men det vart altså klart for vegopning eitt døgn tidlegare.


Les meir om: Nyhende Samferdsle Vik

Siste saker Gå til framsida