FRISKMELD: Geir Jakobsen i Mattilsynet overrekte friskmeldingsvedtaket til Klima- og miljøminister Vidar Helgesen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre. (Foto: Jan Egil Fimreite)

No er Lærdalselvi friskmeld

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen er i dag på Norsk villakssenter for å markera at elva er friskmeld.

Publisert 30.10.2017 kl. 11.18. Oppdatert kl. 14.39.

Mattilsynet friskmelde 30. oktober Lærdalselvi, etter at dei siste prøvane viste at lakseyngelen i elva er fri for lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Dette er første gongen ei elv er friskmeld etter å ha blitt behandla med aluminiumsmetoden, heiter det i ei pressemelding frå Norsk institutt for vannforskning.

LANG KAMP: Lærdalselvi er no friskmeld etter ein lang kamp mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. (Arkivfoto)

Stor markering

I dag er det ei stor makering på Villakssenteret i Lærdal. Her deltek klima- og miljøminister Vidar Helgesen, representantararar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Lærdal kommune, Lærdal elveeigarlag, Mattilsynet, Miljødirektoratet, Veterinærinstituttet og Norsk institutt for vannforskning (NIVA).


- Dette er ein stor dag. Laksen i elva er fri for Gyrodactylus salaris og neste år kan folk igjen fiska i denne populære elva, sa Geir Jakobsen i Mattilsynet då han overrekte friskmeldingsvedtaket til Klima- og miljøminister Vidar Helgesen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre.


Ny metode

I 1996 vart lakseparasitten Gyrodactylus salaris første gong påvist i elva. Sidan har nedturane vore mange. Plantegifta rotenon og aluminium har blitt nytta i kampen for å få elva tilbake i godt gamalt slag.


Friskmeldinga viser at strategien med å nytta aluminiumsmetoden i kampen mot parasitten har vore ein suksess, skriv Mattilsynet på sine nettsider.


- Me har no fått eit nytt verktøy i kampen mot Gyrodactylus salaris, som tek livet av parasitten, medan fisken overlever. Dette lover veldig bra for den vidare kampen mot parasitten, seier direktør Ellen Hambro for Miljødirektoratet.


Tidleg på 2000-tallet gjorde forskarar frå Veterinærinstituttet, NIVA og Universitetet i Oslo eit forsøk med Gyrodactylus salaris og vatn tilsett små mengder aluminium ved elvebreidda i Lærdal. Feltforsøket var den spede byrjinga på utviklinga av ein metode for å fjerna parasitten frå lakseungar, utan å ta livet av fisken i prosessen.


Metoden vart utvikla vidare med finansiering frå Miljødirektoratet. Lærdalselvi har vore sentral i utviklinga av det som no blir omtala som aluminiumsmetoden.


- Alle må hjelpa til

For at Lærdalselvi skal halda seg fri for Gyrodactylus salaris, må alle som bruker elva gjera sitt for å hindra at parasitten kjem tilbake, vert det understreka frå Mattilsynet.


- Alle må hjelpa til. Ein må ikkje flytta fisk inn i vassdraget. Fiskeutstyr og anna utstyr som vert brukt i fleire vassdrag, må anten tørkast eller desinfiserast. Langs elvene er det utstyr for å desinfisera. Bruk det, oppmodar Geir Jakobsen i Mattilsynet.


Parasitten har ikkje vorte påvist i andre elvar i Sognefjorden.


Siste saker Gå til framsida