Ni køyretøy mangla lys

Publisert 07.02.2018 kl. 16.11. Oppdatert kl. 23.59.

Statens vegvesen gjennomførte ein kontroll på rv. 5 i Sogndal og på Skei onsdag.


Ni køyretøy fekk teknisk mangel fordi dei mangla eitt eller fleire lys.


Tre bilar fekk køyreforbod fordi dei var begjært avregistrerte. Ein bil blei avskilta, dei to andre ordna opp i sine manglar på staden.


Datasystemet registrerte sju andre køyretøy som av ulike grunnar var begjært avregistrerte. Desse passerte kontrollen då personellet var opptekne, eller dei køyrde i motsett retning av kontrollplassen. I ein kommentar til kontrollen understrekar Vegvesenet at det er viktig at folk sjekkar sine køyretøy slik at Periodisk kontroll er i orden, forsikring er i orden og eventuelle avgifter er betalte. 


Les meir om: Nyhende Notis Sogndal Trafikk