NHO klagar på sukkeravgifta

Publisert 14.12.2017 kl. 20.11.

NHO Mat og Drikke har klaga på vedtaket om auke i sjokolade- og sukkervareavgiften og avgifta på alkoholfrie drikkevarer inn for EFTAs overvakingsorgan ESA.


- Me har valt å klaga avgiftsaukene inn for ESA fordi den uføreseielegheitene og risikoen norske mat- og drikkebedrifter står overfor, som følgje av Stortingets vedtak, er uhaldbar og berre kan bli unngått ved at avgiftsauken ikkje trer i kraft frå 1. januar, seier NHO Mat og Drikke-sjef Petter Haas Brubakk i ei pressemelding.


Det er ikkje kjent for NHO om det er gjort ei EØS-rettsleg vurdering av avgiftsauken frå styresmaktene si side. Dersom ei slik vurdering ligg føre, er den etter det NHO Mat og Drikke kan sjå, ikkje gjort tilgjengeleg for andre. 


Høyre, FrP, KrF og Venstre gjekk i sitt budsjettforlik inn for ei sterk avgiftsauke på sjokolade, sukkervarer, brus og annan alkoholfri drikke frå og med 1. januar 2018. Auken som ligg på mellom 42 og 83 prosent får i følgje NHO dramatiske konsekvensar for fleire bedrifter, og gir negative ringverknader for heile mat- og drikkenæringa.


 


Les meir om: Nyhende Notis Næringsliv

Siste saker Gå til framsida