HOPPA I DET: Caroline Birkeland, Anne Britt Hundershagen, Vibeke Johnsen, Frode Henden og Sara Christine Johnsborg hoppa i den iskalde sjøen for årets TV-aksjon. (Foto: Sigird Nese)

Nav-tilsette bada i fjorden for ei god sak

Tilsette på Nav, med Vibeke Johnsen i spissen, hoppa i sjøen for å skapa blest rundt årets TV-aksjon.

Publisert 17.10.2017 kl. 15.28.

Søndag 22. oktober skal det samlast inn pengar over heile landet under årets TV-aksjon. I år er det UNICEF som har fått aksjonen, og midlane som kjem inn, skal gje utdanning til born som er ramma av krig og konflikt.


Pengane skal gå til born i dei krigsherja landa, Syria, Pakistan, Mali, Sør-Sudan og Colombia.

BLI MED: Denne gjengen frå Nav på Leikanger oppmodar alle om å støtta opp om årets TV-aksjon som går til born i krig og konflikt. (Foto: Sigird Nese)

Stor dugnad

- Dette er den største humanitære dugnaden i landet. Me oppmodar flest mogleg om å medverka, seier Vibeke Johnsen, som representerer Nav på Leikanger i fylkesnemnda som kvart år har ansvar for TV-aksjonen.


24 millionar barn verda over får ikkje skulegang på grunn av krig og konflikt. Barnekonvensjonens artikkel 28 seier at alle barn har rett til utdanning.


- Dette må me gjera noko med. Utdanning er veldig viktig, seier Johnsen.


Treng bøssebærarar

Ho håpar fleire vil melda seg som bøssebærarar.


- Kvart år er det mane trufaste bøssebærarar, det er veldig bra. Men det er alltid kjekt med nye. Me håpar mange vil bli med på årets viktigaste søndagstur, seier Johnsen.


For å bli bøssebærar kan ein ta kontakt med servicetorget i kommunen sin.


- Kvart born er ein moglegheit, seier Johnsen.


Les meir om: Nyhende Leikanger

Siste saker Gå til framsida