NATTARBEID: Natt til fredag skal det skiftast ei stikkrenne under vegen på Nornes.(Foto: Siv Anette Mannsverk)

Nattestengt mellom Sogndal og Leikanger

Publisert 18.01.2018 kl. 11.07.

Statens vegvesen melder at riksveg 55 mellom Leikanger og Sogndal vil bli stengd natt til fredag 19. januar.


Vegen vert stengd fordi det skal skiftast ei stikkrenne under vegen ved Nornes. Vegen vil vera stengd frå klokka 00.30 til klokka 05.00.


Vegvesenet opplyser at utrykkingskøyretøy vil kunne passera på kort varsel sjølv om det pågår graving.


Siste saker Gå til framsida