Nattestengjer ferjekaien på Mannheller

Mannheller ferjekai vil bli stengt for trafikk natt til onsdag og natt til torsdag i neste veke.

Publisert 16.05.2018 kl. 11.48. Oppdatert kl. 12.04.

Ferja vil gå mellom Fodnes og Kaupanger, i ein eigen rutetabell.
 
På grunn av vedlikehaldsarbeid vert avgangane mellom klokka 23.00 tysdag 22. mai og klokka 05.00 onsdag 23. mai, og klokka 23.00 onsdag 23. mai og klokka 05.00 torsdag 24. mai kansellerte. Siste avgang frå Mannheller går klokka 23.00 begge dagane, opplyser Statens vegvesen.
 
Den tida Mannheller ferjekai er stengd, vil ferja gå mellom Fodnes-Kaupanger etter dette rutemønsteret:

  • Avgang Fodnes til Kaupanger: 23.25 - 01.00 - 02.30 - 04.30.
  • Avgang frå Kaupanger til Fodnes: 00.15 - 01.45 - 03.15. Det vert normal rute frå Fodnes klokka 04.30 til Mannheller.

Det er i same tidsrommet planar om arbeid i Amlatunnelen, tunnelen som kjem ut på Mannheller ferjekai.


Les meir om: Nyhende Lærdal Notis Sogndal

Siste saker Gå til framsida