Måtte parkera traileren

Feil med bremsene og laus aksel på semitraileren gjorde at sjåføren ikkje fekk køyra vidare.

Publisert 20.12.2017 kl. 18.34.

Det opplyser Statens vegvesen etter ein kontroll på Håbakken i Lærdal onsdag. I tillegg fekk to sjåførar pålegg for brot på køyre- og kviletidsreglane. Kontrollørane skreiv også ut gebyr til sjåførar som hadde dårleg sikring av last og vanta vognkort.


Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida