Måtte lasta av før han fekk køyra vidare

Publisert 11.08.2017 kl. 14.29.

Vegvesenet hadde torsdag kontroll på Håbakken.


To lastebilar fekk bruksforbod for overlast. Den eine måtte lasta av, medan den andre måtte lasta om før dei fekk køyra vidare, opplyser vegvesenet.


Vegvesenet gav under kontrollen også eitt bruksforbod gunna manglande sikring av last, eitt bruksforbod for stort overheng på vekselflak og eitt bruksforbod for manglande leigekontrakt.


Ein bussjåfør vart meldt til pollitiet fordi han ikkje stogga for kontrollen.


 


Les meir om: Nyhende Notis Lærdal