TILBAKE: Ferjekaien i Holmen vert nytta att om morgonen, etter ein pause på to år.

Morgonferja tilbake

- Dette er ei gladmelding.

Publisert 31.12.2017 kl. 14.00.

Ordførar Harald N. Offerdal er nøgd med at Holmen kjem tilbake på ferjekartet. 1. januar 2016 var det slutt på tilbodet om morgonferje frå Holmen, via Dragsvik, til Hella klokka 07.30. I det nye konkurransegrunnlaget som vart spikra den gongen forsvann denne avgangen ut av ruteheftet og inn i historiebøkene.


 


 


- Snøgt som råd

Men no er altså denne ordninga snart på plass att.
- Me har fått beskjed om at morgonferja frå Holmen er på plass att så snøgt det lèt seg gjera, opplyser Offerdal.
Ferja går rett nok fem minuttar før det som var rytmen for to år sidan. Klokka 07.25 går ferja frå Holmen, til Dragsvik, og vidare til Hella.
- Dette gjer kvardagen langt lettare for pendlarar og skuleelevar, seier Offerdal. Han peikar på at det ikkje har vore offentleg korrespondanse frå Holmen til bussen som har gått frå Hella i 8-tida dei siste åra. Dermed har reisande måtte nytta privat bil eller haika rundt Esefjorden for å koma seg innover på dette tidspunktet.
- Me har jobba lenge med denne saka, og eg vil retta ei stor takk til Statens vegvesen på Leikanger som har greidd å få denne avgangen på plass att, seier Offerdal.


Les meir om: Nyhende Balestrand

Siste saker Gå til framsida