BLIR SETT PRIS PÅ: Kristin Sønnerheim får fylkeskulturprisen 2017, her er ho på ein tur frå Geiteryggen til Steinbergdalen, der ho mellom annan restaurerte skilt. (Foto: May Bente Lønseth Dahlen)

Mor Aurlandsdalen får fylkeskulturprisen

Fylkeskulturprisen 2017 går til Kristin Sønnerheim.

Publisert 22.11.2017 kl. 12.28.

Kristin Sønnerheim går under kallenamnet Mor Aurlandsdalen. I over 50 år har ho stelt og rydda stien gjennom dalen med handemakt. No får ho fylkeskulturprisen for innsatsen sin, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.


- Avgjerande innsats

Sønnerheim er 85 år og vart tidlegare i år attvald som leiar i Venner av Aurlandsdalen. Stiftinga har som mål å fremja interessa for og halda ved like og utvikla dalen.


- Innsatsen til Kristin Sønnerheim har vore avgjerande for å gjera Aurlandsdalen tilgjengeleg for ålmenta. Vandrerutene i dalen blir no brukte av hundrevis av menneske kvart år, og me ønskjer å heidra Sønnerheim for å ha bidrege til dette, seier leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.


Saman med mannen

Engasjementet for Aurlandsdalen starta Sønnerheim saman med ektemannen Kåre (1921-2006), som var den siste som vart fødd på garden Sinjarheim i dalen. Saman rydda dei stiar, la ut bruer og formidla historie.


Sønnerheim har også engasjert seg sterkt i å ta vare på gamle gardar og stølshus og har vore talskvinne for å ta vare på kulturverdiar som bygningane representerer.


Med på det mest

I 2013 vart ho heidra med Aurlandsprisen.


Kristin Sønnerheim har vore med på det meste, både innan frivillig arbeid og i politikken, sidan ho flytta frå Bergen til Aurland på siste halvdelen av 1950-talet. Sanitetslaget, lottelaget, seniordansen, eldrerådet og pensjonistlaget er nokre av laga Sønnerheim har brukt tid og krefter på.


Siste saker Gå til framsida