ULUKKE: Ein moped og ein lastebil kolliderte på Slinde tysdag kveld, og luftambulanse frakta den skadde mopedføraren til Haukeland universitetssjukehus. (Foto: Terje Eggum)

Mopedførar send til sjukehus etter kollisjon

Publisert 22.05.2018 kl. 20.33. Oppdatert kl. 22.59.

Luftambulanse har henta ein skadd person etter ei trafikkulukke på Slinde mellom Sogndal og Leikanger tysdag kveld.


Helse Førde AMK meldte klokka 20.22 at naudetatane rykte ut til staden etter melding om ei ulukke.


Politiet meldte like etter at ein lastebil og ein moped hadde støytt saman på staden. Fatlatunnelen vart stengd etter ulukka.


Klokka 21.10 opplyser politiet at tilskadekomne er henta av luftambulanse. Vegen var stengd medan det pågjekk arbeid på staden.


Innsatsleiar Martin Riber opplyser til Sogn Avis sin reporter på staden at det var eit vogntog som var involvert i ulukka, som skjedde på fv. 55 ved avkøyrsla til gamlevegen forbi Fatlaberget.


Klokka 22.08 opplyser vegtrafikksentralen at tunnelen er open att.


Helse Førde AMK melder på Twitter at den skadde vart sendt til Haukeland universitetssjukehus, men det er ikkje opplyst noko om skadeomfanget.


- Den skadde er frakta til Haukeland, og politiet har akkurat avslutta arbeidet på staden, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Arve Samsonsen, like før klokka 23 tysdag.


- Det står att å gjennomføra nokre avhøyr i kveld. Hendingsforløpet kan me ikkje seia noko om enno. Når det gjeld skadeomfanget vart det innleiingsvis meldt om brotskader, men me veit ikkje noko meir enn det, seier Samsonsen.


 

(Foto: Terje Eggum)

Les meir om: Nyhende Politi Sogndal

Siste saker Gå til framsida