Mistenkt for ulovleg persontransport

Publisert 03.09.2018 kl. 06.46.

Statens vegvesen stogga søndag på Håbakken i Lærdal ein ni-setar personbil som er mistenkt for ulovleg persontransport.


Ifølgje vegvesenet vart same køyretøyet i juni stogga på Flesland i Bergen. Firmaet vart då meldt til politiet for å driva ulovleg persontransport mot vederlag.


 


Eit vogntog fekk etter kontroll bruksforbod for ikkje å følgja køyre- og kviletidsreglane, og for overlasta trekkbil. Føretaket vart meldt til politiet for ikkje å ha montert fartsskrivar i køyretøyet.


Ein varebil fekk bruksforbod for overlast, og måtte lasta av til lovleg vekt før videre køyring. Føraren vart meld for å køyra med eit overlasta køyretøy.


To køyretøy hadde tekniske manglar på bremsane.


Eit vogntog stakk frå kontrollen, som gjekk føre seg frå klokka 15 til 23 søndag.


Les meir om: Nyhende Lærdal Trafikk

Siste saker Gå til framsida