Mistanke om skrantesjuke på hjort

Det er påvist skrantesjuke både på villrein og elg. No er det mistanke om at også hjort kan ha fått denne frykta sjukdomen.

Publisert 25.10.2017 kl. 19.10.

I ei pressemelding går det fram at Veterinærinstituttet har varsla Mattilsynet om at dei mistenkjer at ein hjort felt under jakt i Gjemnes kommune i Møre og Romsdal kan ha blitt smitta av skrantesjuke. Endeleg prøveresultat er venta i neste veke, skriv Mattilsynet.


Uroa

- Dette er bekymringsfullt. Til no har me berre funne smitten på villrein i Nordfjella og på elg i Trøndelag. Det er for tidleg å seia noko om kva variant av skrantesjuke det dreiar seg om, og kva konsekvensar eit eventuelt positivt prøvesvar får, det må me koma attende til, seier Karen Johanne Baalsrud, direktør for planter og dyr i Mattilsynet.


Strakstiltak

Som eit strakstiltak trapper Mattilsynet opp kartlegginga av hjortedyr i området, der den gamle kolla vart skoten. Hjorten hadde ingen synlege symptom på sjukdommen. Mattilsynet samlar no inn skinn, skrott og slakterestar frå dyret for vidare analysar hjå Veterinærinstituttet.


Les meir om: Nyhende Natur og miljø

Siste saker Gå til framsida