OVER OG UT: I to tiår har lakseparasitten Gyrodactylus salaris herja i Lærdalselvi.(Foto: Miljødirektoratet)

Ministeren kjem for å feira at desse er vekke

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen blir med på markeringa ved Norsk villakssenter i Lærdal neste veke.

Publisert 25.10.2017 kl. 17.00.

Resultata av dei siste prøvane frå Lærdalselvi er framleis ikkje kjende for allmenta. Men mykje tyder på at Mattilsynet vil friskmelda Lærdalselvi 30. oktober. 


Markering

Det er i alle fall invitert inn til stor markering ved Villakssenteret. Her kjem klima- og miljøminister Vidar Helgesen, representantararar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Lærdal kommune, Lærdal elveeigarlag, Mattilsynet, Miljødirektoratet, Veterinærinstituttet og Norsk institutt for vannforskning (NIVA).


Tunge tak

I 1996 vart lakseparasitten Gyrodactylus salaris første gong påvist i elva. Sidan har nedturane vore mange for alle som er glade i elva som leikar seg nedover dalføret. Plantegifta rotenon og aluminium har blitt nytta i kampen for å få elva tilbake i godt gamalt slag. Måndag blir det etter alle solemerke jubel langs elvebreidda.


Les meir om: Nyhende Lærdal

Siste saker Gå til framsida