Meldt for manglande fartsskrivar

Publisert 05.03.2018 kl. 20.11. Oppdatert kl. 21.17.

Statens vegvesen gjennomførte ein kontroll på Håbakken måndag.


Seks køyretøy vart kontrollerte, og blant dei fann kontrollørane brot på køyre- og kviletida. 


Eit firma blir meldt for manglande fartsskrivar i køyretøyet, medan ein førar blir meldt for brot på bestemmelsane om køyre- og kviletid.


I kontrollen vart det også gitt eitt gebyr for manglande vognkort og eitt gebyr for overlast på 6.050 kroner.


 


Les meir om: Nyhende Notis Lærdal Trafikk

Siste saker Gå til framsida