Meldingar om jordskjelv

Tysdag føremiddag, ved 09.45-tida, blir det meldt om jordskjelv fleire stader på Vestlandet.

Publisert 07.11.2017 kl. 10.07. Oppdatert kl. 10.21.

Mellom anna er det meldt om skjelvingar i Vik. 


- Me har fått inn mange meldingar frå bergensområdet, opplyser Norsar på Kjeller, som registrerer skjelv.


Jordskjelvstasjonen i Bergen opplyser at dei har registrert eit skjelv og at det er kraftig kjent i heile bergensområdet. 


 


 


 


- Meld frå

Dei oppmodar folk som har kjent jordskjelvet, om å melda frå via denne nettsida


Jordskjelvstasjonen omtalar skjelvet slik: 


"Jordskjelv i Nordhordland: I morges kl 09:46 vart det registrert eit jordskjelv på dei seismiske stasjonane i det norske seismiske nettverket (NNSN). Jordskjelvet er førebels lokalisert til 60.545N 4.716Ø med magnitude 3.8. Skjelvet er kraftig følt i hele bergensområdet. Dersom du har følt jordskjelvet kan dei fylla ut spørjeskjemaet på nettsida skjelv.no under siste jordskjelv."


 


Les meir om: Nyhende Natur og miljø Vik

Siste saker Gå til framsida