PRØVDE Å UNNGÅ KONTROLL: Mange av dei som vart kontrollerte, hadde ting på stell. Men nokre hadde ikkje så lyst å svinga innom kontrollplassen, opplyser vegvesenet. (Arkivfoto)

Melde til politiet for å prøva å unngå kontroll

To sjåførar stogga ikkje for kontroll på Håbakken torsdag.

Publisert 10.08.2018 kl. 13.52.

Dei to sjåførane, ein polsk turbilsjåfør og ein ukrainsk vogntogsjåfør, vart innhenta til kontroll etter at dei ikkje ville stogga for skilta kontroll, opplyser vegvesenet.


Begge vart melde til politiet for å unnlata seg kontroll.


Ein polsk turbilsjåfør vart meld til politiet for brot på køyre- og kviletidsreglane. Ein polsk vogtogsjåfør vart meld til politiet for manglande sikring av ein 25 tonn tung generator.


Ein estisk sjåfør vart pålagt betre lastesikring før vidare køyring.


Ein norsk lastebil fekk bruksforbod for disellekkasje frå motor og feil med styring.


Dessutan vart ein polsk turbusseigar ilagt eit gebyr på 8.000 kroner for ugyldig bombrikkeavtale.


84 køyretøy var innom kontrollplassen på Håbakken torsdag 9. august.


 


Les meir om: Nyhende Lærdal Politi

Siste saker Gå til framsida