Meld til politiet for manglande sikring av last

Publisert 16.05.2018 kl. 17.00. Oppdatert kl. 17.06.

Statens vegvesen gjennomførte onsdag kontroll av tunge køyretøy på Håbakken i Lærdal. Fem køyretøy fekk skriftlege manglar.

Ein utanlandsk  førar av eit vogntog vart meld for manglande sikring av lasta. «Han hadde om lag 18.000 kilo last som ikkje var sikra utanom friksjonssikring. Lasta hadde forskyvd seg på planet og låg ut mot kapellduken. Dette utgjer ein fare for at vogntoget kan velta i sving», skriv Statens vegvesen.

Det vart skrive ut to gebyr for manglande bombrikke. Dette gjaldt eit utanlands vogntog og ein utanlandsk turbuss. Begge måtte ut med 8.000 kroner. Føraren av turbussen vart også meld for ikkje å stogga for skilta kontroll.

Ein norsk lastebil var begjært avregistrert på grunn av at det ikkje var gjennomført PKK i 2017, opplyser Statens vegvesen.


Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida