KJEM RASKT: Alt om få år vil mange polikliniske konsultasjonar bli gjort digitalt, meiner utviklingsdirektør Anne Kristin Kleiven i Helse Førde. (Arkivfoto)

Meiner framtida er digitale møte med helsetenesta

- Alt om få år vil mange polikliniske konsultasjonar bli gjort digitalt, seier utviklingsdirektør Anne Kristin Kleiven i Helse Førde.

Publisert 04.02.2018 kl. 17.30.

På heimesida si skriv helseføretaket at Kleiven på siste styremøtet gav styret i Helse Førde ein statusrapport om arbeidet med pasientens helseteneste.


Behandling heime

- Heimen blir i framtida den viktigaste behandlingsstaden for fleire pasientgrupper, meiner Kleiven.
Ein e-konsultasjon inneber å gjennomføra ein time hos helsepersonell gjennom digitale kanalar. Dette vil vera ein situasjon der pasienten får helsehjelp utan å møta opp fysisk på sjukehuset eller hos fastlegen.

- Også i framtida vil pasientar ha behov for akutthjelp og i andre tilfelle få treffa behandlar fysisk, og det skal dei sjølvsagt få. Fysiske møte mellom pasient og behandlar vil framleis vera viktig. Me ser likevel føre oss ei framtid der digitale konsultasjonar kan gjerast i mange tilfelle der pasientar treng oppfølgjing som ikkje er akutt. Døme på dette kan vera pasientar med kroniske lidingar som treng rettleiing på medisinbruk eller behandlingshjelpemiddel, seier Kleiven til heimesida.


- Framsteg

Alt i dag kan pasientane mellom anna lesa epikrise og endre timane sine på helsenorge.no. I framtida vil moglegheitene bli utvida til å utveksla informasjon og samtale via nettet.


- For pasientar som slepp å reise lange vegar for ein sjukehustime, vil dette vere eit stort framsteg. Det vil vere viktig for samfunnet og vi sparar miljøet, seier utviklingsdirektøren.


Les meir om: Nyhende Helse

Siste saker Gå til framsida