Med Sognefjorden som jobbveg

Då bilen var til reperasjon tok Marino like godt kajakken til jobb.

Publisert 11.07.2018 kl. 20.44. Oppdatert kl. 20.47.

- Sognefjorden er berre heilt strålande vakker. Men pass på, den er full i tidevatn, seier Marino Jan Ask i filmsnutten han la ut på sin eigen Instagram-konto tysdag morgon.


Denne flotte sommardagen valde butikksjefen som bur på Slinde ei litt annleis rute til jobb. Klokka 06.00 sette han seg i kajakken, og padla dei seks kilometerane til Leikanger.


- Bilen skulle på verkstad, så då var det ganske greitt å ta kajakken i staden. Eg pleier å ta meg ein tur når eg har fri, og gjerne når eg er ute på kysten. Då reiser eg ofte ut før frukost, så eg er van med å padla, seier han.


Kunnskapsformidling

Det var ein strålande morgon, men sjølv om Sognefjorden såg tilsynelatande stille ut, var det mykje krefter i tidevatnet, kan Ask fortelja.


- Eg prøver å gje litt informasjon og kunnskapsformidling om kva som møter ein, seier Ask som også er styreleiar i Sogn og Fjordane turlag.


- Sjølv om det ser stille ut på fjorden så må du ikkje tru du er i eit skjerma fjordbasseng. Realiteten er at det er krevjande forhold trass lite vind, på grunn av tidevatnet.


Heim til middagsgjester

Men han slapp i alle fall unna vegarbeid og køar, på den til dels trafikerte vegen mellom Slinde og Leikanger. Sjølv brukte Ask ein knapp time til jobb via sjøvegen.


- Eg fekk ein del gratis på grunn av medsjø og medvind, men samstundes kom det litt inn frå sida så eg måtte sitje å korrigere heile tida. Dei som kjenner meg veit at eg padlar ganske mykje. Sjølv om sjøen er varm no, så har eg alltid på meg våtdrakt. På vinter, vår og haust er det tørrdrakt som gjeld.


Etter endt arbeidsdag, var det berrre å koma seg tilbake i kajakken og padla heim att. Der venta ein gjeng middagsgjester han hadde invitert.


- Så då var det berre å lasta handleposane om bord i kajakken og koma seg heim, seier Ask og ler.


Siste saker Gå til framsida