Mann i 20-åra skadd i ulendt terreng - Sendt til sjukehus med luftambulanse

Ein 24 år gamal mann fekk klemskader i ein fot under ei arbeidsulukke på Veitastrond tysdag føremiddag.

Publisert 12.06.2018 kl. 10.11. Oppdatert kl. 13.23.

Ein person skal ha fått klemskade ca. 300 meter oppe i noko ulendt terreng ved ein kraftstasjon på Veitastrond, opplyser politiet, som har fått melding frå brannvesenet.


I halv elleve-tida har politiet fått opplyst at det truleg dreier seg om ein broten fot.


Alle naudetatane rykte ut, og hovudredningssentralen kontakta alpin redningsgruppe og redningshelikopter i Florø for å få dei fram til staden.


Ambulansen var på staden alt i 10-tida. Klokka 10.16 opplyste politiet at helse Førde har meldt at luftambulansen har landa i nærleiken og var då i ferd med å frakta hjelpemannskap opp i terrenget. Klokka 10.35 vart det meldt at brannvesenet var komne fram. Ein firhjuling er også på veg til den skadde. Redningshelikopter og alpin redningsgruppe returnerer, opplyser politiet.


Frode Kolltveit, operasjonsleiar i politiet, opplyste klokka 10.10 at det då var uvisst for politiet kva som har skjedd.


Helse i Førde har ikkje gått ut med informasjon, då dei har vorte orienterte om at personar på staden ikkje ønska ytterlegare varsling, skreiv politiet då på Twitter.


Klokka 10.30 melder AMK på Twitter at det klokka 09.28 var ei arbeidsulukke på Veitastrond der ein person var involvert.


Klokka 11.20 opplyser politiet at brannvesenet melder at pasienten, ein 24 år gamal mann, er teken ned og komen i ambulanse. Han har brote foten.


Den skade skal ha arbeidd inne i eit røyr. Samstundes skal ein annan ha køyrd ei gravemaskin eit stykke over han i terrenget. Steinmassar i nærleiken av gravemaskina losna og trefte røyret. Det var slik mannen pådrog seg skadar.


Arbeidstilsynet er varsla om hendinga.


Les meir om: Nyhende Luster Politi

Siste saker Gå til framsida