VED FJORDEN: Dagsturhytta skal mellom anna setjast opp i fjøresteinane på Ytre Eikum i Luster. Grunneigar er Johannes Vedvik. (Foto: Erling Bjørnetun)

Mange vil teikna dagsturhytta

Fylkeskommune fekk 21 forslag i arkitektkonkurransen for å teikna dagsturhytta for Sogn og Fjordane.

Publisert 25.11.2016 kl. 13.02. Oppdatert kl. 13.06.

- Dette er fantastisk respons. Som idémakar til prosjektet forventa eg  seks til åtte forslag, men me har truleg treft noko som fleire vil vera med og utvikla. Det er kjekt. Det er ei positiv problemstilling at det kan bli utfordrande å finn ein kandidat. «Sogn og Fjordane-hytta»  ligg i bunken og ventar på å bli trekt ut, seier Atle Skrede i fylkeskommunen.


Vinnaren vert klar neste veke og vert valt ut etter eit sett med kriterium som først og fremst dreier seg om estetisk, funksjonell og teknisk kvalitet.


Lågterskeltilbod

Alle kommunane i fylket har sagt ja til å byggja ei dagsturhytte og nokre vil ha to, som skal vera eit lågterskeltilbod for turgåarar.


Hyttene skal vera på 15 kvadratmeter og ha verken varme, straum eller sanitæranlegg.


Det skal vera ein plass for å eta matpakka, byta kle og få litt varme i seg. Hyttene skal også ha eit minibibliotek med nynorskbøker til bruk på staden i hyttene.


- Dette skal bli eit spennande attraksjon i naturen, som kan auke turlyst og leselyst, seier Skrede.


Arbeidsgruppe

Det er sett ned ei arbeidsgruppe som vel ut vinnaren, går det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen.
 
Fylkeskommunen har teke initiativ til og samordnar prosjektet. Hyttene skal finansierast med spelemidlar og tilskot frå Sparebankstiftinga og momsrefusjon.

Les òg: Fjellbibliotek i fjøresteinane


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida