AUKE: Nav registrerte 813 nye ledige stillingar i februar, ein auke på 32 prosent frå februar i fjor. (Arkivfoto)

Mange ledige stillingar

Nav registrete heile 813 nye stillingar i februar, noko som syner at det er høg aktivitet både i privat og offentleg sektor i fylket.

Publisert 02.03.2018 kl. 13.32.

Det skriv Nav i ei pressemelding. Samstundes er arbeidsløysa redusert med 14 prosent sidan februar i 2017. Det er no 955 heilt ledige i fylket, som er 159 færre enn for eitt år sidan.


- Normaliserer seg

- Den fine starten på det nye året held fram, og me ser òg at resten av Vestlandet har fått hjula godt i gang att etter oljekrisa, fortel Frode Henden, presseansvarleg ved Nav Sogn og Fjordane.

Med ei arbeidsløyse på 1,6 prosent, har Sogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet.
På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 18 prosent frå februar i fjor. Det er no 69.789 heilt ledige, tilsvarande 2,5 prosent.

- Dei fire vestlandsfylka står for nær halvparten av nedgangen i arbeidsløysa på landsnivå, og me ser at situasjonen byrjar å normalisere seg hjå naboane våre, seier Henden.


Flora og Sogndal

15 av kommunane i Sogn og Fjordane har ein reduksjon i arbeidsløysa i februar. Størst reduksjon har Flora og Sogndal, med høvesvis 43 og 26 færre ledige enn på same tid i fjor.


Bremanger har størst auke i arbeidsløysa med 15 fleire ledige. Dette skuldast permitteringar i fiskeindustrien, vert det opplyst frå Nav.


Bremanger, med 3,5 prosent, har høgast arbeidsløyse i Sogn og Fjordane. Hornindal og Solund, med høvesvis 0,6 prosent og 0,7 prosent, har lågast arbeidsløyse.


Nedgangen i arbeidsløysa er størst innan industri med 81 færre ledige enn i februar i fjor. Det er no bere 203 ledige i industrien.


I februar var det 96 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 41 færre enn same månad i fjor. 24 av desse kjem frå bygg og anlegg og 39 frå industri. 


Langtidsledige

Talet på langtidsledige over 26 veker er redusert med 24 prosent frå februar i fjor. Talet på korttidsledige er redusert med 12 prosent.


- Dette er ei gledeleg utvikling, som i stor grad skuldast aktiv bruk av arbeidsmarknadstiltak overfor denne gruppa, seier Henden.


Det vart registrert 813 nye ledige stillingar i februar, ein auke på 32 prosent frå februar i fjor. Auken er størst innan kontorarbeid, bygg/anlegg og industri. Det er flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg og innan reiseliv og transport.


- Sjølv om mange av dei nye stillingane, særleg i helsesektoren, gjeld sommarjobbar, er dette svært positive tal og teikn på auka aktivitet, seier Henden.


Les meir om: Nyhende Næringsliv

Siste saker Gå til framsida