Mange hadde feil på lysa: - Skummelt i haustmørket

Statens vegvesen hadde onsdag kontroll i Sogndal.

Publisert 06.09.2018 kl. 06.54.

21 køyretøy vart kontrollerte.


- Det var mange manglar på lys. Dette er skummelt no når kveldane blir mørkare utover hausten. Slitne dekk er eit anna haustproblem. På våte vegar med lauv og anna er det skummelt. Det er viktig med gode dekk, understrekar Torgeir Bang i Vegvesenet.


Under lovleg minimum

Tre av dei kontrollerte køyretøya fekk bruksforbod etter kontrollen, ein grunna utslitne dekk, ein grunna at baklys og bremselys var defekt og ein fordi nærlys og baklys var defekt.


På køyretøyet med utslitne dekk hadde to av dekka mønster som var under lovleg minimummønster på 1,6 mm.


16 køyretøy, inkludert ein tilhengar, fekk manglar på lys. Tilhengar fekk køyreforbod.


Det vart skrive ut tre gebyr for manglande vognkort og to gebyr for utslitne dekk.


Eitt køyretøy vart avregistrert grunna manglande omregistrering. Køyretøyet hadde også tekniske manglar på lys.


For mykje støy

Tre lette motorsyklar fekk mangel for støy. Alle tre hadde teke vekk delar av eksosanlegget. Vegvesenet peikar på at støy er eit samfunnsproblem.


To mopedar og ein av dei lette motorsyklane hadde manglar på lys. Ein moped fekk køyreforbod i mørke grunna manglande lys.


Vegvesenet dreiv under kontroller også med opplysningsarbeid til førar som nytta kurvetåkelys i mørke som køyrelys. Slike lys gjev dårlegare sikt i mørket, og det er viktig å nytta dei lysa som gjev best sikt, vert det understreka frå vegvesenet.


I dei kontrollerte køyretøya nytta alle bilbelte.


- Me skreiv ingen beltegebyr. Det er positivt, peiker Bang på.


Les meir om: Nyhende Sogndal Trafikk

Siste saker Gå til framsida