MYKJE SNØ: Det er fire meter høge brøytekantar på Vikafjellsvegen. Biletet er teke måndag kveld i Fossesvingane fem kilometer sør for Storehaugtunnelen. (Foto: Eirik Stadheim, Stokkebø maskin)

Må utsetja opning av Vikafjellet grunna mykje nysnø

Publisert 31.01.2018 kl. 10.51.
- Det har komme mykje nysnø på fjellet siste døgn. Arbeidet med oppryddinga går godt, men slik det ser ut no, så får me ikkje opna vegen før fredag, opplyser Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen, onsdag føremiddag.
 
Riksveg 13 over Vikafjellet har no vore stengd ei veke. Tysdag var det utsikter til opning torsdag, men grunna det store snøfallet, må opninga utsetjast. Frå vegtrafikksentralen vert det opplyst at det blir ny vurdering klokka 10 fredag.

Les meir om: Nyhende Samferdsle Vik

Siste saker Gå til framsida