MÅ VENTA: Dagsturhytta i Leikanger, her fotografert i sommar, vil ikkje koma på plass denne veka. (Foto: Mariann Skau)

Må utsetja montering av dagsturhytter

Etter planen skulle sju dagsturhytter plasserast ut denne veka. No er arbeidet utsett.

Publisert 11.09.2018 kl. 11.08.

- Monteringa av dagsturhyttene er diverre utsett med ei veke på grunn av vêrtilhøva, opplyser Runar Bjørkvik Mæland i fylkeskommunen.


Det gjeld hyttene som skal koma i Årdal, Lærdal, Aurland, Leikanger, Sogndal, Balestrand og Høyanger.


Dagsturhyttene er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. I løpet av 2018 skal alle kommunane i fylket ha ei eiga dagsturhytte.


Les meir om: Nyhende Natur og miljø

Siste saker Gå til framsida