Må stengja fv. 55 grunna bilberging

Fylkesveg 55 over Sognefjellet må stengjast grunna bilberging, melder vegvesenet.

Publisert 26.10.2017 kl. 14.48. Oppdatert kl. 16.44.
- Det er eit utanlandsk vogntog som står fast i grøfta opp mot ein fjellskjering i i Korpabakken. Det har stått slik sidan onsdag kveld kveld. Det har vore passasje på staden, men no er to store redningsbilar på veg, opplyser Ketil Molvær på Vegtrafikksentralen. 
 
Ifølgje Molvær er bergingsarbeidet berekna på ta tre til fire timar, og vegen vil difor blir stengd ved Korpabakken frå klokka 15 til 19 torsdag.
 
- Vegen er også nattestengd frå kokka 20.
 
 

Siste saker Gå til framsida