Rassikring: for nokre år sidan vart det sett opp skredtårn (biletet) som rassikring på fylkesveg 53 mellom Tyinkrysset og Tyinosen. No har Oppland fylkeskommune sett av nær 29 millionar kroner til nye sikringstiltak på strekninga dei neste seks åra. (Arkivfoto)

Løyvde 28 mill. til rassikring på fv. 53

Fylkesutvalet i Oppland sette før jul av 28 millionar kroner til to rassikringstiltak på fylkesveg 53 dei neste fem åra.

Publisert 01.01.2018 kl. 18.51.

Det eine prosjektet er bygging av ei støtteførebygging mot snøskred på fylkesveg 53 mellom Tyinkrysset og Tyin hotell. Det er sett av 4,9 millionar kroner til dette arbeidet, som kan gjennomførast i 2018 og 2019.


Mellviki

- Dette er strålande nyhende, seier ordførar Vidar Eltun i Vang til avisa Valdres.


Det einaste som står att for å gjennomføra arbeidet mellom Tyinkrysset og Tyin hotell, er å senda ein byggjesøknad til Vang kommune.


Litt lenger ut i seksårsperioden, i åra 2021 til 2023, har fylkesutvalet i Oppland sett av til saman 22,9 millionar kroner til bygging av fangvollar og fanggjerde på strekninga frå Tyinstølen til Mellviki.


Vangsordføraren seier til Valdres at det har vore krefter i sving for å vinterstengja fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal.


Reiselivet

- No håpar eg at desse investeringane vil vera eit bidrag til å halda vegen open, seier han.


Eltun seier at fylkesveg 53 er viktig både for dei som arbeidspendlar mellom Vang og Årdal, og for reiselivet i begge kommunane.


- Me har jobba godt saman med Årdal for å få betra tryggleiken langs fylkesveg 53. Vedtaket i fylkesutvalet er godt nytt, og ei solid bidrag for å knyta Sogn og Valdres saman, seier Eltun til Valdres.


Les meir om: Nyhende Samferdsle

Siste saker Gå til framsida