Lustring vert ny sjef i Tine

Gunnar Hovland vert ny konsernsjef i Tine etter Hanne Refsholt. Det skriv nettavisa E24.

Publisert 13.06.2018 kl. 17.03. Oppdatert kl. 17.21.

Hovland er i dag banksjef i BN Bank i Trondheim.


- Dette er ein draumejobb for ein fyr som meg. Tine har ein av Norges sterkaste merkevareportefølgjer. Det er ei fantastisk spennande muligheit å gripe fatt i, seier han til E24.


Refsholt går av etter 14 år som konsernsjef i Tine. Meierikonsernet står føre ein nedbemanningsprosess, noko som er ein av grunnane til at Tine valde Hovland.


Kommunikasjonssjef Lars Galtung seier at Hovland har arbeidd i Tine tidlegare, og har sterk komersiell erfaring, god kunde og forbrukarorientering, samt kompetanse i endringsleiing.


Hovland held fram i stillinga i BN Bank ut desember, og vert konsernsjef i Tine frå nyttår.


Les meir om: Nyhende Landbruk Luster Notis

Siste saker Gå til framsida