Lufta beina - sjåfør og passasjer må betala

Ein litt uvanleg fangst for UP.

Publisert 27.10.2017 kl. 13.19. Oppdatert kl. 14.16.

Utrykkingspolitiet stogga ein bil i Aurland fredag. Politiet såg at beina til ein person dingla ut av vindauge på bakdøra av bilen.


- Det var ein passasjer som lufta beina. Dette er ikkje lov og føraren fekk ei bot på 2550 kroner, opplyser operasjonsleiar Ole Tom Nord ved Vest politidistrikt til Sogn Avis.


Til NRK seier UP at passasjeren sat på golvet på grunn av eit armeringsjern i bilen.  Føraren av bilen måtte sikra lasta før dei kunne køyra vidare. I tillegg til eit forenkla førelegg til føraren, fekk passasjeren 1.500 kroner i bot. 


 


Les meir om: Nyhende Aurland Politi

Siste saker Gå til framsida