Løpsk saftflaske angreip gamal sogndalsstrenar

- Det er heilt ufatteleg, dette var reine raketten, seier Harald Bersaas (77).

Publisert 10.01.2017 kl. 20.33.

Tysdag fekk han sitt livs oppleving då han henta opp ei flaske med Lerum sin solbærsirup frå frysen.


Då Sogn Avis snakkar med han nokre timar seinare, er han framleis litt skjelven etter den heilt spesielle opplevinga.


Ringde avisa

Bersaas som trena Sogndal opp i fotballen sin øvste divisjon tidleg på 1980-talet,  var ikkje i tvil om kven han skulle dela den utrulege historia om den løpske saftflaska med.


-Det måtte bli Sogn Avis og sogningane sidan det var ei Lerumflaske, humrar Bersaas, som ser humoristisk på heile hendinga sjølv om det var så sterke krefter i sving at han måtte rømme kjøkkenet.


Familien Bersaas har drukke litervis med solbærsirup frå Lerum opp gjennom åra. Flaska som skulle skapa så mykje dramatikk hadde stått lagra i kjellarboden før den vart lagt i frysen i sommar fordi den var utgått på dato.


- Den gjekk ut den 31. januar i 2016, så no tok eg den opp av frysen fordi eg tenkte at den ikkje kom til å bli brukt, fortel Bersaas som henta den botnfrosne flaska opp tysdag føremiddag.

I TAKET: - Eg vurderer om eg skal sende rekninga til Lerum for måling av kjøkkentaket, seier Harald Bersaas. (Foto privat)

I vasken

Han la flaska på halvanna liter i vasken på kjøkenet, men først vrei han litt på korken.


-Då kom det ein slik lyd som det gjer når du opnar ei colaflaske der kolsyra er blitt rista opp.


Etter kort tid kom det eit kraftig smell og korken flaug himmelhøgt.


- Ein sjampanjekork er ingenting samanlikna med dette, fortel Bersås, men historia var ikkje slutt med det.


Først starta flaska å slå fram og tilbake ned i vasken, før den spytta ut ei klase med raud saft, starta rotera og løfta seg opp under kjøkkeskapa.


I taket

- Den for rundt overalt. Oppetter veggen, opp i taket og rundt på heile golvet. Den var rett og slett heilt løpsk, og eg fann ut det var ikkje trygt å opphalde seg på kjøkenet sjølv om me har sjukehuset på andre sida av vegen.


Flaska spreidde safta nett som ein gjødselspreiar, og kjøkenet var ikkje noko pent syn etterpå. Lukta av gjæra saft hang bokstaveleg tala i taket.


Då showet var over la den seg fint i ro på komfyren med flasketuten peikande mot vasken.


- Det var nesten som den bad om unnskyldning for kva den hadde gjort.


Mykje søl

Då svigerson Erling Johansen kom innom nokre timar seinare, trudde han knapt verken eigne auge eller øyre då han såg og høyrde kva som hadde skjedd.


- Han hadde tørka opp att sølet på golvet, men både vegger og tak vitnar om kva krefter som har vore i sving her, seier Erling som ikkje fattar at det kan bli så mykje krut i ei flaske med saft.


Han er heilt samd med svigerfar i at dette fort kunne blitt ein farleg situasjon.


- Hadde eg fått den første smellen i ansiktet kunne dette ha blitt skummelt ja, seier Harald.


Seriekamp

Den gamle sogndalsstrenaren er i alle fall ikkje i tvil om kva dagens sogndalstrenar Eirik Bakke bør servera laget før første seriekamp.


- Med solbærsaft frå Lerum vil dei bli som rakettar på bana, seier Bersaas som med smilet på lur seier at rekninga for å måla opp att taket skal han senda til produsenten.


Første gong

- Noko slikt har eg aldri høyrd om før, seier Trine Lerum Hjellhaug, administerande direktør i Lerum AS.


Ho har ikkje noko god forklaring på kva som kan ha skjedd før ho får konferert med folka på laboratoriet.


- Moralen må iallefall bli at Lerum-saft skal drikkast opp og ikkje frysast, seier Trine, men lovar likevel å senda noko til Bersaas for tort og svie.


Les meir om: Nyhende Sogndal Fotball

Siste saker Gå til framsida