NÅ TURISTANE: På reiselivskonferansene i Sogndal kan reiselivsverksemdene læra korleis dei kan nå kundane på nettet. (Arkivfoto)

Lokkar reiselivet med lokal mat, berekraft og digital kunnskap

Korleis kan reiselivet bli så synlege som mogeleg i digitale kanalar?

Publisert 20.10.2017 kl. 13.26.

Digitalisering og berekraft er tema på den store reiselivskonferansen Fjordane frå bre til hav i Sogndal 1. og 2. november.

Innovation Lab Denmark deltek med eit innlegg og digitale trendar i reiselivet, Marius Wang i Oslo Business Forum vil fortelja om digital strategi på 1-2-3 - og NordNorsk Reiseliv deler sine oppskrifter for korleis ein lukkast på Instagram.

Andre tema relatert til berekraft på konferansen er naturbasert reiseliv og cruisestrategi for Vestlandet. Det vert både lokale, nasjonale og internasjonale føredragshaldarar, og til pausemat og lunsj vert det lokale smakar ved Smak av Sogn, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Reiselivsprisen 2017 Sogn og Fjordane skal delast ved middagen 1. november. Det er Sparebanken Vest som delar ut prisen.

Konferansen er i år eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet.

Gjekk du glipp av denne? Vart meir synlege på nettet - nesten heilt fullbooka heile sommaren


Les meir om: Nyhende Reiseliv Sogndal

Siste saker Gå til framsida