SEIER NEI TIL ENDRING: Nils P Støyva, distriktssekretær i LO, har sendt ut ei fråseng frå fylkeskonferansen til LO Sogn og Fjordane der dei krev at eigedomsskatten på verk og bruk blir vidareført som i dag. (Arkivfoto)

LO vil ikkje ha skatteendring

LO i Sogn og Fjordane seier nei til endringar i grunnlaget for eigedomsskatten på verk og bruk.

Publisert 06.11.2017 kl. 11.53.

Fylkeskonferansen til LO Sogn og Fjordane krev at eigedomsskatten på verk og bruk blir vidareført som i dag, der maskiner og kraftleidningar med tilhøyrande nettanlegg framleis inngår i skattegrunnlaget som i dag.


«Dette er viktig for å sikre det kommunale inntektsgrunnlaget og tenestetilbodet i kommunane», heiter dei i ei fråsegn frå LO.


- Fagleg tilrådd

I framlegget til statsbudsjett for 2018, føreslår den regjeringa å endra eigedomsskatten på verk og bruk ved at produksjonsutstyr og installasjonar blir halde utanfor skattegrunnlaget. Det vert dermed berre tomter og bygningar som kan skattleggast. Vidare førslår regjeringa å fjerne eigedomsskatten på kraftlinjer og tilhøyrande nettanlegg. Forslaget omfattar ikkje vasskraft- og vindkraftanlegg.


«Eigedomsskatt er ei skatteordning som blir fagleg tilrådd både nasjonalt og internasjonalt. Dette fordi skattegrunnlaget er stasjonært og ikkje let seg flytte. Eigedomsskatten er også eit viktig insentiv for tilrettelegging for det lokale næringslivet. Mange stader er eigedomsskatt ein avgjerande føresetnad for at kommunane skal gje samtykke og akseptere store utbyggingar som t.d. kraftlinje», skriv LO og peker på at eigedomsskatten kjem til frådrag i grunnlaget for den statlige selskapsskatten.


«Dersom eigedomsskatten til kommunane blir redusert, vil staten få auka sine skatteinntekter som tidlegare har gått til kommunane. Ved reduksjon eller bortfall av eigedomsskatten frå verk og bruk vil skatten kome staten til gode framfor vertskommunane».


50 milionar årleg

Forslaga vil få store negative økonomiske konsekvensar for mange kommunar. Dei ni kommunane i indre og midtre Sogn vil tapa over 50 millionar kroner årleg om regjeringa får det som dei vil og fjernar eigedomsskatt på kraftlinjer og produksjonsutstyr på verk og bruk.


«Alle norske kommunar med eigedomsskatt på kraftleidningar vil misse denne inntekta. Meir enn 100 kommunar som har store industriverksemder innanfor sine grenser vil også få redusert inntekta frå eigedomsskatten. Desse kommunane vil få eit samla tap på meir enn 1 milliard kroner», heiter det i fråsegna.


Les òg: Hydro jublar for mogeleg skattekutt - rådmann er uroa


Eigedomsskatt på verk og bruk har eksistert i over hundre år. Skatten har i alle år inkludert industrianlegg, prosessanlegg, energianlegg og infrastrukturanlegg.


Les òg: Kan eit fleirtal mot fjerning av eigedomsskatten på verk og bruk


Les meir om: Nyhende Politikk Økonomi

Siste saker Gå til framsida