TI ÅR: Ikkje sidan 2008 har arbeidsløysetalet vore så lågt. - Låge permitteringstal og aktiv bruk av arbeidsmarknadstiltak er med å forklara det låge arbeidsløysetalet, seier Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane.

Lågaste arbeidsløysa i januar på 10 år

I januar var det 987 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 94 færre enn for eitt år sidan og svarar til ein reduksjon på 9 prosent.

Publisert 03.02.2018 kl. 12.27.

Det skriv NAV i ei pressemelding. Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane seier ein må tilbake til 2008 for å finna eit lågare tal i januar.

- Låge permitteringstal og aktiv bruk av arbeidsmarknadstiltak er med å forklara det låge arbeidsløysetalet. Samstundes gler vi oss over at arbeidsløysa går kraftig ned på heile Vestlandet, seier Thorsnes.

På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 19 prosent frå januar i fjor. Det er no 71.849 heilt ledige, tilsvarande 2,6 prosent av arbeidsstyrken. Med ei arbeidsløyse på 1,7 prosent, har Sogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet saman med Troms.


Størst nedgang i Årdal og Høyanger

15 av kommunane i Sogn og Fjordane har ein reduksjon i arbeidsløysa i januar. Størst reduksjon har Årdal og Høyanger med høvesvis 19 og 18 færre ledige enn på same tid i fjor. Aurland har størst auke i arbeidsløysa med 11 fleire ledige. Hyllestad, med 3,7 prosent, har høgast arbeidsløyse i Sogn og Fjordane. Gloppen og Gaular, begge med 0,9 prosent, har lågast arbeidsløyse.
Nedgangen i arbeidsløysa er størst innan industri med 65 færre ledige enn i januar i fjor.
I januar var det 70 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 50 færre enn same månad i fjor. 19 av desse kjem frå bygg og anlegg og 26 frå industri.


Mange nye stillingar

Det vart registrert heile 1026 nye ledige stillingar i januar, ein auke på 43 prosent frå januar i fjor. Auken er størst innan ingeniør- og ikt-fag,  og reiseliv/transport. Det er flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg og innan reiseliv og transport.

- Sjølv om mange av dei nye stillingane, særleg i helsesektoren,  gjeld sommarjobbar, er dette svært positive tal som er teikn på auka aktivitet, seier Thorsnes.


Les meir om: Nyhende Næringsliv

Siste saker Gå til framsida