HAMNA I GRØFTA: Politiet veit kva buss som var i umiddelbar nærleik då lastebilen med stein velta på Voll i Vik torsdag. (Foto: Gunnar Kleven)

Lastebil velta- buss er identifisert

Bussen politiet ynskte å koma i kontakt med, er identifisert.

Publisert 16.08.2018 kl. 09.31. Oppdatert kl. 18.05.

Politiet ynskte å koma i kontakt med ein kvit og blå rutebuss som har vore i umiddelbar nærleik då ein lastebil lasta med stein velta på riksveg 13 på Voll i Vik.


- Uhellet har skjedd i den skarpe svingen før ein kjem ned til Vikøyri, opplyste operasjonsleiar Tatiana Knappen i politiet.


Politiet har fått forklart at uhellet skjedde i samband med at lastebilen vart forbikøyrd av bussen.


- Det er snakk om at det er ei forbikøyring som har ført til at lastebilen fekk eit hjul utfor vegen og velta.

VELTA: Lastebilen som velta var lasta med stein. (Foto: Gunnar Kleven)

Ikkje snakka med sjåføren

Torsdag ettermiddag stadfester politibetjent Ole Jakob Aase at bussen er identifisert.


- Me veit kva buss det er , men har ikkje snakka med bussjåføren enno, seier han.


Politiet gjekk først ut og sa at dei ønskte kontakt med ein ein lilla og ein grønn buss, men dette vart seinare retta til ein ein kvit og blå rutebuss.


Bussen køyrde vidare i retning Vikafjell/Vinje.


Knappen opplyser at føraren av lastebilen tilsynelatande er uskadd.


- Han framstår som uskadd, og brann og ambulanse er difor ikkje sende til staden. Vegtrafikksentralen er orientert og vurderer å senda entreprenør til staden for opprydding.


Meldinga om trafikkuhellet kom klokka 09.18 torsdag.


Politiet var på staden og dreiv manuell dirigering av trafikken.


Les meir om: Nyhende Politi Trafikk Vik