Langstenging av tunnel grunna sikringsarbeid

Det er naudsynt med lengre stengingsperiodar i Gudvangatunnelen denne veka, opplyser vegvesenet.

Publisert 27.02.2018 kl. 11.31.

I Gudvangatunnelen er no sprengingsarbeidet ferdigstilt, og sidan nyttår har det difor vore kolonne kvar time heile natta gjennom tunnelen.


Denne veka skal det utførast sikringsarbeid med betongsprut og bolting i tunnelen, og det blir difor på ny naudsynt med langstenging tysdag, onsdag og torsdag kveld denne veka, heiter det i ei pressemelding frå vegvesenet.


Det vert kolonne kvar time frå 20, som vanleg. Tunnelen blir so heilt stengd mellom klokkka 23 og 02. Frå 02 blir det igjen kolonne kvar time fram til klokka 06.


Siste saker Gå til framsida