Køyrde med utslitne dekk

Publisert 10.08.2018 kl. 09.15.

Statens vegvesen hadde torsdag ettermiddag og kveld kontroll i Vik og Leikanger.


Ein bilførar fekk gebyr for å ha køyrt med to utslitne dekk. Han fekk også bruksforbod på bilen sidan møsteret på dei to dekka var under lovleg minimum, opplyser vegvesenet.


To førarar fekk gebyr for ikkje å ha med seg førarkortet, og to førarar fekk gebyr for manglande vognkort.


150 køyretøy vart kontrollerte.


Les meir om: Nyhende Leikanger Vik

Siste saker Gå til framsida