GLATT: Det er glatte vegar også i låglandet laurdag. Snøen lavar ned fleire stader, slik som her på Hagalandet mellom Sogndal og Kaupanger. (Foto Eli Grotle)

Køyrde av vegen på glatta

Vanskelege køyreforhold også i låglandet.

Publisert 18.11.2017 kl. 12.14. Oppdatert kl. 13.44.

Politiet fekk laurdag føremiddag melding om ein bil som hadde køyrd av vegen og i grøfta på rv 55 i Årøysvingane mellom Sogndal og Hafslo.


Airbaggane vart løyst ut, men den mannlege sjåføren og to born på fem og sju år kom frå det uten skader.


Trafikken på staden går greit og det er tinga bilbergar.


Det er glatte og sleipe vegar fleire stader i Sogn pågrunn av tungt snøfall.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Politi

Siste saker Gå til framsida