(Illustrasjonsfoto)

Kvotefri jakt på gaupe i heile fylket

Torsdag startar den den kvotefrie gaupejakta i heile Sogn og Fjordane.

Publisert 31.01.2018 kl. 14.38.

Kvotejakta på gaupe startar 1. februar og varer til 31. mars. Rovviltnemnda i Region 1 har vedteke kvotefri gaupejakt i heile Sogn og Fjordane i denne perioden, melder Fylkesmannen.


 


Storviltjakt

Under kvotejakt på gaupe gjeld alle reglar som for anna jakt. Gaupe er definert som storvilt, og ein må difor ha skyteprøve for storviltjegrar dersom ein skal jakta gaupe med rifle. Det er også lov å jakte på gaupe med hagle.


Løyve frå grunneigar

Kvotejakta er omfatta av grunneigaren sin einerett til jakt og fangst, og ein må difor ha grunneigar sitt løyve for å driva jakt. Aldersgrensa for jakta er 18 år, går det fram av nettsidene til Fylkesmannen.


Felling, eller forsøk på felling, skal straks meldast til Fylkesmannen. Felte dyr skal visast til Statens Naturoppsyn for kontroll, merking og prøvetaking av biologisk materiale.


Les meir om: Nyhende Natur og miljø