GLADE VINNARAR: Linda Maristuen og Hanne Ødegård gjekk heilt til topps i VM i rakefisk i helga. (Foto: Privat)

Kvinner tok prisen

Linda Maristuen og Hanne Ødegård gjekk heilt til topps under VM i rakfisk på Borgund i helga.

Publisert 09.01.2017 kl. 21.00.

- Me er litt stolte, seier dei to premievinnarane, litt håse i røysta etter helga.


Fiskar sjølve

Maristuen seier dei fiskar fisken sjølve, i Søre Sulevatn, men vedgår at dei fekk sine respektive menn til å køyra båten.


Dei leverte også fisk til festivalen i fjor, etter at dei laga rakefisk for aller fyrste gong. Men dei nådde ikkje heilt opp då.


- Me var vel litt høge på oss sjølve og skrytte av fisken på førehand. Så vart det ikkje greie på noko. Så me bestemde oss for at i år skulle me i alle fall ikkje seia noko på førehand.


Kontaktskapar

Ødegård legg til at ho og Maristuen ikkje kjende kvarandre så godt tidlegare.


- Me møttest jamvel på rakefiskfestivalen for tre år sidan. Der vart me sitjande ved same bord og vart samde om at dette skulle me prøva neste år. Me tok kvarandre i hendene på det og har funne tonen sidan. No er me gode vener.


Kult

Maristuen kjem frå Bergen og seier ho ikkje er van med rakefisk i det heile.


- Eg hadde ikkje høyrt om rakefisk eingong før eg kom til Lærdal. Men på festen fann me ut at dette skulle me bli med på. Me hadde også sett at det stort sett berre var menn som vann.


Maristuen tykkjer det er kult at dei som ferskingar nådde opp tidleg.


- Dette med rakefisk er mykje tradisjon. Folk har lært å leggja rakefisk av foreldre, besteforeldre eller onklar. Det er også mykje snakk om hemmelege oppskrifter, folk held korta tett inntil brystet.


Fått tips

Men dei to kvinnene har ikkje vore redde for å spørja, og nokre tips har dei fått undervegs.


- Det er alltid nokon som seier litt. Me har skrive ned tips og teke tak i dei beste. Torfinn Skårheim, som har vunne fleire gonger, har også vore raus med tips. Han er veldig flink til å leggja ned fisk. Far til Hanne har også hjelpt oss litt.


Likar fisken

Ingen av dei to likte rakefisk tidlegare. Men no tykkjer dei det er veldig godt, begge to.


- Det er også eit veldig godt vatn me fiskar i, så me har gode råvarer.


Endra oppskrift

Ødegård røpar at dei endra oppskrifta litt etter i fjor.


- Me har brukt litt mindre salt og har endra litt på temperaturen i starten. Me har også slutta å bruka tannbørste når me reinskar fisken innvendig.


Les meir om: Kultur Nyhende Lærdal